Jeanette Haugvik

Denne bloggen tek sikte på å snakka høgt om det andre ikkje vil prate om. Målet er å ufarleggjera og opplysa om psykisk helse. Har sjølv jobba meg gjennom eteforstyrringar og depresjon. Skriv ellers om jentene mine, sambuarlivet og studentlivet.

Nytt sjukehus

  • Publisert: 29.05.2017, 19:59
  • Kategori: prematur
  • Rett før Vilje vart 2 veker flytta dei oss til Haugesund sjukehus. Me hadde blanda kjensler kring det. Alt på Haukeland hadde vore så trygt, med hyppig kontakt med legar og jordmødre. Å vita at den vesle kroppen på under 1 kg skulle opp i eit fly for å koma til ein ny ukjent stad, var ein vond tanke. Samstundes var det godt å tenka på at me då kom nærare jentene heime.

    Overgangen har gått fint, men det tok nokre dagar før eg var mentalt innstilt på å vera på Haugesund sjukehus, og dei dagane var eg nok ikkje den enklaste mor og pasient. Eg stilte spørsmål ved alle rutinar og prosedyrar som var annleis frå Haukeland. Heldigvis er pleiarane her tålmodige.

    Vilje har klart seg bra, men me merkar at lungemodninga ho fekk ved fødsel no går ut av kroppen. Det gjer at ho strevar litt meir med å pusta og pulsen kan stupa fort. Den kjem seg derimot oftast kjapt opp att. Ho legg også godt på seg, og veg snart 1,1 kg.
    Storesystrene hennar er hyppig på besøk, og det er så godt å få kosa med store og små. I helga var Besse og Dordi og tantene her, og eg fekk mykje positivt påfyll. Me er kjempe takksame for dei dagane me fekk saman. Sjukehuslivet tar nemlig på, og ein blir underernært på kontakt med kjente og kjære.
    Nokre dagar er eg oppe, og nokre dagar er eg nede. Då er det godt å tenkja på at eg har ein fantastisk familie og stødige venner som drar meg opp att <3

  • Publisert: 29.05.2017, 19:59
  • Kategori: prematur
  • 0 kommentarer
  • Å bli prematurmamma

  • Publisert: 20.05.2017, 13:59
  • Kategori: prematur
  • Å bli mamma er altoppslukande. Å bli prematurmamma er å snu heile verda på hovudet, utan å ha noko å halda deg fast i. 

    Den fyrste veka med vesle Vilje har vore alt, alt av kjensler på ein gong. Eg gjekk frå å vera redd, til å bli sint. Sint på meg sjølv og eigen kropp som ikkje klarte halde på jenta vår i 9 månadar. Var det fordi eg hadde vore sjuk? Fordi eg var for aktiv med skule og hus? Fordi eg aldri er i ro? Etter ei stund blei eg sint på livet. Det hjalp jo ikkje, men sinnet var der, det må eg innrømma. Eg kunne lett marienert meg i mitt eige sinne, men heldigvis blir eg effektiv og sterk når eg er sint, eg får ting gjort og eg held fokus, eg held meg oppe. Vert fall ei stund. 



     

    Eg var også svært audmjuk og takksam for legar, jordmødre og intensivsjukepleiarar som passa på Vilje dag og natt. Eg hadde trudd det skulle vera meir avskrekkande med ein så liten kropp med så mange ledningar, men alle har heile tida vore veldig flink til å informera meg og Henrik om alt som skjer. Det tok ikkje lang tid for oss å læra å tolka Vilje sitt kroppsspråk, og det var så godt at me, mamma & pappa, klarte å trøysta og roa ho. Deretter vart eg uendeleg trist, og gret meg i søvn to netter. Det var så vondt å ikkje ha Vilje hos meg heile tida. Så vondt å sjå kor sliten ho blir av Cpap, av blodprøvar som skal takast, av ultralydar, av stell og vask. Ho er så lita, og prøver verna om seg sjølv ved å dekka til fjeset sitt, likt som ho gjorde i magen. 



     

    Henrik og eg tar situasjonen ulikt. Han er optimist og tenkjer positivt, medan eg er pessimist til det motsatte er bevist to gonger. Eg ser han blir rastlaus av å stå på sidelinja. Han kjenner seg unyttig, og det er frustrerande. Eg er opptatt med pumping, kvile og kosing og er utslitt og har vondt etter keisersnittet. Me er slitne, og me diskuterer om bagatellar, fordi å diskutera er trygt for oss. Men, me har også dei gode samtalane, latterkrampar, koser og kjem nærare kvarandre. Etter samtale med jordmor forstår han at han er ikkje berre viktig for meg her, men for Vilje også. Han blir tøffare etter eit par dagar, han som fyrst var redd for å halde ho. No tar han bleieskift, munnstell og løftar den vesle kroppen inn og ut av kuvøsa, og ho er allereie ei pappajente. Eg er så stolt at eg ikkje får pusta, og eg treng ikkje sei det ein gong, for han ser det på meg. Dette er vår vesle Vilje, så uendeleg sterk, og heime har me 3 nydelege jenter. Me er takksame, lukkelege, me er alt. 

     



     

    Å bli foreldre er altoppslukande. Å bli prematurforeldre er å snu verda på hovudet, men me held oss fast i kvarandre. 

     

    #prematurmamma #foreldrelivet 

  • Publisert: 20.05.2017, 13:59
  • Kategori: prematur
  • 0 kommentarer
  • Så liten, men så sterk!

  • Publisert: 19.05.2017, 08:55
  • Kategori: prematur
  • For kvar gong eg får ein nytt born, tenkjer eg at ein aldri kan bli så stolt og full av kjærleik som i nett det augenblinket. Og kvar gong tar eg feil, for gleda er akkurat like stor og intens som dei to andre gongane eg har fått to vidunder. Eg trur Henrik kan skrive under på det same. 

    Du kom med våkent keisersnitt etter 12 timar med rier. Mamma hadde fått ein infeksjon, og det hasta med å få deg ut. Det er utan tvil det verste eg har vore med på, men du er så verdt det. Pappa var velidg flink, passa på meg heile tida der eg låg med feberkrampar og var i sjokk, medan legane tok deg ut av magen. Dei sprang av gårde med deg, pappa sprang etter. Etter ei stund kom legen ut med deg, og la deg attåt ansiktet mitt, slik at eg fekk kyssa deg. Og eg kysste, stolt som aldri før. Du var det minste eg har sett, men kjenslene er dei største eg har kjent. 

    Eg fekk ikkje møta deg før dagen etterpå, men pappa sprang mellom deg og mamma. Heilt frå start av fekk me høyre kor sterk du er. Du og dine 980 gram og 38 cm, eit heilt lite perfekt mennekse, med mykje vilje. Du lev opp til namnet ditt, utan tvil. 



     

    Alt har gått veldig, veldig bra, sjølv om det er ei heilt ny verden for mamma & pappa og deg. Du skulle jo vore i mamma sin mage i 3 månader til, men jordmødrene gjer alt dei kan for å laga trygge rammer rundt deg. Du ligg i kuvøse, pustar med cpap for å trena lungene, har sonde for å få mat, har elektrodar på deg, og får intravenøst. Du er så STERK! Så liten, så fulkommen. Allerie no har du ditt eige språk, og du er veldig tydeleg på kva du likar og ikkje likar. Du trøystar deg sjølv ved å dekka for ansiktet med armane dine. Du likar best å ligge som ein liten ball, med teppe rundt deg, trangt og godt som i magen til mamma. Du blir sint dersom andre steller deg, men roar deg så snart mamma eller pappa legg handa si på deg. Du får fleire timar med kos til dagen når du ligg på brystet vårt. Du er så sterk, så sterk, vår kjære Vilje, og me elsker deg så høgt <3 



     

     

    -Mamma og pappa 

    #prematur #prematurmamma 

  • Publisert: 19.05.2017, 08:55
  • Kategori: prematur
  • 1 kommentarer
  • Update

  • Publisert: 09.05.2017, 05:31
  • Kategori: Psykisk helse
  • I dag har Lille Venn blitt i magen i ei heile veke sidan vatnet gjekk. Det er veldig bra, sidan dei fleste fødslar skjer ei veke innan vannavgang. Eg har fått flytta på pasienthotellet som ligg 2 minutt frå fødeavdelinga, så eg kjenner meg trygg her. Det gjorde noko med meg mentalt å kome ut av sjukehusdørene, og å få sitt eige rom. 

    Her har eg meir privatliv, men også meir tid til å tenkja. Henrik merkar at eg svingar meir enn kva eg merkar. Han seier at eine dagen er det som eg har skrudd av alle kjenslene, og andre dagen er eg i tusen bitar og klarar ikkje slutta å grina. Eg tenkjer at begge deler er lov, her er det inga fasit på korleis med skal takle situasjonen, ingenting er rett eller gale. Det er så mykje nytt å forholde seg til, eit heilt anna språk me ikkje var førebudd på å læra oss. Heldigvis lærer eg kjapt, så me får stå i det, dag for dag. Og kvar dag Lille Venn blir i magen er ein seier! 

     



     

    Eg byrjar så smått å innsjå at eg ikkje skal gå gravid så mykje lenger. Snart er eg mamma til tre, snart er me foreldre til fire.  Eg har ingenting av utstyr klart heime, men eg vågar ikkje ordne det enda. Når eg ikkje er på sjukehuset, strikkar eller les eg, eller lar Henrik koma med sine dårlege vitsar. Han får meg alltid til å le. Han lar meg alltid grina ut. Me er sterke og me er svake. Me er høgt og lågt, og me er takksame for kvarandre. 

    Den siste ultralyden viste at Lille Venn klarer seg greit etter forholda. Ho lagar omlag 1 liter forstervatn kvar dag, men eg misser framleis ein del. Hjarta hennar slår normalt, og eg kjenner at ho sparkar. Vårt fyrste mål no, er at ho skal halde seg inne fram til veke 28, då aukar sjansane for at alt skall gå bra veldig mykje. Eg får to kontrollar i veka, og kan springa ned på føden dersom eg blir redd eller usikker. 

    Tusen takk for alle fine helsingar, hjartar og gode tankar. Me set pris på og treng kvar og ein <3 

    Jeanette og Henrik 

  • Publisert: 09.05.2017, 05:31
  • Kategori: Psykisk helse
  • 2 kommentarer
  • Dag 3

  • Publisert: 06.05.2017, 11:41
  • Kategori: Psykisk helse
  • 04.05.-2017 Dag 3

    Me byrjar å bli slitne, men er samstundes glad for at Lille Venn framleis blir i magen. No er det berre antibiotika som blir gitt. Sjukehuset har rota vekk ein prøve, så det blir tatt nye. Ettersom riene ikkje har tatt seg opp, vert me flytta på observasjonspost for gravide. Her kjem eg på trippelrom, og er vell eigentlig ikkje glad for det.

    Henrik får ikkje vera med meg på rommet, og me må finne ein stad til han å bu. Han kan sjekke inn på pasienthotellet, men det kostar 700 kr natta, og det blir dyrt på sikt, vert fall om eg skal bli her i månadsvis. Me er fortvila over at han ikkje har nokre rettar som far, og at sjukehuset ikkje ser på det som naudsynt at far er med som pårørande for meg. Eg er oppgitt og lei, søv lite. Eg snakkar med psykologen min på Stord, og ho ser kor viktig det er for meg å ha Henrik her.  



     

    Dagen går i å ordne praktiske ting. Eller prøve å ordne, det er lite eg får gjort frå sjukehuset. Nav seier eg må søkje om foreldrepengar, men eg har ingen vedlegg her. Skule seier eg må søkje om fritak frå eksamen osb. Eg vil berre trekke dyna over hovudet, orkar ikkje å forhalde meg til eit einaste skjema. Me er slitne begge to, men saman klarar me å få kvarandre til å smila.



     

    Lille Venn sparkar i magen, og eg jublar for kvart spark. Eg ber om at ho blir sterkare for kvar dag, og held ut ein dag til. Henrik får hjelp frå gode vener, og får bu på eit gjesterom. Han tar ein snartur til Stord for å pakka litt ting, og eg er utan han for fyrste gong. Men det må eg bli vane med, for eg vil ikkje slita han ut med sjukehus. Det er viktig at han får pauser, og positivt påfyll frå folk rundt oss. Eg vil at me skal klara oss gjennom dette. Me er takksam for alle som stiller opp, både venner og familie.

    Det er lett å tenka at "kvifor skjer dette oss, har me ikkje fått nok?". Men eg kan ikkje tenke slik, eg kan ikkje begrave meg i negative tankar. Eg prøver å tenka at eg er glad for at eg har 15 år behandling og terapi bak meg, og gjer alt eg kan for å nytta meg av strategiar eg har lært. Me skal klare dette, uansett. Saman. 




     

  • Publisert: 06.05.2017, 11:41
  • Kategori: Psykisk helse
  • 8 kommentarer
  • hits